I lag, ikkje aleina -eit varmt møtepunkt i Orre-bygda

12. mai 2026

12. Mai samla ungdom og vaksne seg til eit meiningsfylt og inkluderande arrangement under namnet «I lag, ikkje aleina». Med fokus på fellesskap, tilhøyrsle og psykisk helse vart dette ein fin dag der menneske i og utanfor bygda møttest for å samlast om eit viktig tema – psykisk helse og beredskap.

Bakgrunnen for arrangementet er alvorleg. Initiativet sprang ut frå det tragiske dødsfallet til Tobias Telstø, som gjekk bort berre 18 år gamal. Han var ein aktiv og godt likt ungdom frå nærmiljøet, med tydeleg tilhøyrsle i bygda. Tapet rørte mange, då det både var uventa og uforståeleg. Nettopp dette vart drivkrafta for «I lag, ikkje aleina» – eit arrangement med hensikt om å løfte fellesskapet. Ei påminning om kor viktig det er å vere medvitne om vår eiga psykiske helse og beredskap, gjennom å sjå kvarandre.

Eit viktig poeng som vart trekt fram i omtalen i Jærbladet i forkant av arrangementet, var korleis samtlege lag og organisasjonar i bygda gjekk saman for å få til denne dagen. Dette var ikkje eit tiltak drive av éin aktør åleine, men eit ekte spleiselag. Psykisk helse er eit folkehelseproblem og vedkjem oss alle og samarbeidet som oppstod mellom ulike lag og organisasjonar i bygda, viser kva som er mogleg når lokalmiljøet står samla om ei felles sak. Ved å bidra med ulike ressursar, erfaringar og nettverk skapte alle aktørane eit arrangement som nådde breitt ut og engasjerte mange. Nettopp dette samspelet er ein av suksessfaktorane – at det var «bygda sjølv» som stod bak. Dette gjorde det heile til eit minnerikt og unikt arrangement.

Sjølve arrangementet blei i all hovudsak drive av ei nedsett prosjektgruppe, leia av Tove Ree. Gjennom det siste året har gruppa hatt jamlege møte der alt frå innhald, kommunikasjon og praktiske avklaringar har blitt gjort. Det heile enda opp med å bli ein heil dag med spennande innhald frå BROR Mental helse – ein organisasjon som arbeider for openheit rundt psykisk helse, særleg retta mot menn.

Som ein del av arrangementet blei det først på dagen arrangert foredrag for elevar ved Bryne vidaregåande skule. Orre-bygda har fleire elevar ved Bryne vgs, og det vart difor ein naturleg arena for samarbeid. Felix Baldauf og Even Karpuz frå BROR Mental helse heldt eit engasjerande foredrag, der dei delte ærlege historier og tydelege bodskap om styrke, sårbarheit og kor viktig det er å snakke saman når livet er vanskeleg. Innlegga trefte godt og skapte rom for refleksjon og viktige samtalar i etterkant. Rektor ved Bryne vidaregåande skule var òg til stades, og understreka kor viktig det er å løfte fram tema som psykisk helse og fellesskap blant ungdom. Skulen opplevde foredraget som svært verdifulle, og rosa initiativet frå Orre-bygda for å setje søkelys på noko som vedkjem mange unge i dag.

Felix Baldauf er ein av Noregs fremste brytarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale medaljar gjennom karrieren. Han gjennomførte òg ei treningsøkt med Orre IL sine A- og B-lag, der fokuset var på fellesskap, meistring og det å byggje kvarandre opp.

Arrangementet på kvelden gjekk føre seg i Orrehallen, der både ungdom, vaksne, menn og kvinner frå bygda fann vegen. Om lag 650 personar tok turen til hallen og det var særleg gledeleg at òg fleire utanfor bygda møtte opp. Det viser at det er behov for slike arrangement på tvers av alder og «bygdegrenser». Målet var å skape ei stemning prega av openheit, gode samtalar og opplevingar – ein arena der det var trygt å vere seg sjølv, og der ein kunne kjenne på styrken i å vere saman.

Programmet baud på ei fin blanding av føredrag, sofadrøs og musikk. BROR Mental helse engasjerte oss alle med eit sterkt føredrag om press, motgang og det å våge å snakke om det som er vanskeleg. Det var òg flotte musikalske innslag frå Tor og Theodor Kvammen. Eit anna viktig innslag denne kvelden var sofadrøsen, der fleire aktørar frå kommunen, BROR Mental helse og bygdeungdom Thomas Nærland hadde ein uformell prat om psykisk helse og beredskap. Som ein fin avrunding av kvelden fekk me høyra ein sterk appell frå familien til Tobias, formidla av mor Marianne Johnsen Telstø.

Eit sentralt bodskap gjennom dagen var nettopp det tittelen seier: «I lag, ikkje aleina». Ved å skape rom for open dialog, og ved å løfte fram fellesskapet, vart arrangementet ei viktig påminning om kva eit lokalsamfunn kan vere på sitt beste.

Frivillige spelte ei avgjerande rolle i gjennomføringa. Frå planlegging til rigging, servering og opprydding – innsatsen var stor, og engasjementet tydeleg. Slik dugnadsånd er ein verdi som står sterkt i bygda, og som denne dagen fekk vise seg frå si aller beste side. Vi takkar alle som bidrog, og er òg svært takksame for sponsorar som gjorde det mogleg å gjennomføre arrangementet utan deltakarbetaling.

Responsen frå deltakarane var svært positiv. Mange uttrykte takksemd for ein slik kveld, og fleire håpar at dette kan bli eit fast innslag i bygdelivet framover. -Eg kjenner meg både lettare og gladare etter i kveld, sa ein av dei frammøtte. Det gjer noko med oss å møte andre på denne måten.

«I lag, ikkje aleina» vart meir enn berre eit arrangement – det vart ei påminning om at vi alle har ein plass i fellesskapet, og at psykisk beredskap vedkjem oss alle. Når dører blir opna og menneske blir inviterte inn, skaper ein ikkje berre aktivitet, men også håp og samhald.

Med dette arrangementet har Orre-bygda vist at små initiativ kan ha stor betydning. For når vi står saman, blir vegen litt lettare å gå – i lag, ikkje aleina.

Tobias Telstø sitt minnefond

For å heidre minnet etter Tobias Telstø er det oppretta eit eige minnefond. Tobias Telstø sitt minnefond har som føremål å støtte aktivitetar knytte til styrking av psykisk helse.